Anna Ivarsdotter Opedal () var ein kjend norsk tradisjonsberar i Indre Hardanger på 1800-talet. Til vanleg vart ho kalla Blind-Anna.

Anna Opedal vart blind etter at ho fekk koppar i barndommen. I mange år tente ho i prestegarden hjå prosten Niels Hertzberg i Ullensvang. På sine eldre dagar budde ho hjå ei syster, og fekk stønad frå kyrkjesoknet. Ho var kjend i lokalmiljøet som ei uvanleg påliteleg kjelde til eventyr, segner og folkeviser.

Då Jørgen Moe kom til Hardanger på innsamlingsferd sommaren 1846, fekk han møta Blind-Anna og skreiv ned ein del stoff etter henne. Blind-Anna gjorde eit sterkt inntrykk på Moe, noko ein kan sjå av måten han skildrar henne på i teksten Blind-Anne frå 1850. Her ser han henne som ei personifisering av den djupe, poetiske folkediktaråra. Han skildrar også korleis ho kunne trollbinda ein stor skare med born med eventyra sine.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blind-Anna» frå , den 17. september 2012.

Bokmålswikipedia referte til desse kjeldene:

Jørgen Moe: Blind-Anne, 1850 Halldor O. Opedal: Blind-Anna, i Syn og Segn, 1927

Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Norske tradisjonsberarar