John Mayhew () var den tredje trommeslagaren (samt perkusjonist og vokalist) for det engelske rockebandet Genesis. Han erstatta den tidlegare trommisen John Silver i august 1969. Han er med på albumet Trespass og plateboksen Genesis Archive 1967-75. Han vart i august 1970 erstatta av Phil Collins.
Det var lite som var kjend om kvar Mayhew forsvann etter han slutta i Genesis. Honorara hans for Trespass vart ikkje henta og det var spekulasjonar om at han var død eller sakna. I 1982 flytta han til Australia der han jobba som snikkar.
I 2006 deltok han på ein Genesis-konvensjon i London i lag med Anthony Phillips og Steve Hackett, og spelte trommer med dette bandet på «The Knife».
Mayhew døydde av hjarteproblem i Skottland i 2009, dagen før han fylte 62 år. Han hadde då arbeidd her som møbelsnikkar.Tragic end in search for drummer John
Kjelder Denne artikkelen bygger på «John Mayhew» frå , den 20. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff 2006 interview with John Mayhew
Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Genesis-medlemmar Kategori:Folk frå Ipswich