Nursery Cryme er det tredje studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut i november 1971 på Charisma Records. Det var det første albumet med vokalisten og trommeslagaren Phil Collins og gitaristen Steve Hackett.
Albumet fekk blanda kritikk og selde i starten ikkje særleg godt. Det gjekk først inn på den britiske albumlista i 1974, då det nådde 39. plassen. Albumet vart derimot ein suksess på det europeiske kontinentet, særskild i Italia. Albumet er kring 39 minuttar langt og er det kortaste studioalbumet bandet har gjeve ut.
Etter ein omfattande turné etter det førre albumet, Trespass (1970), der både Collins og Hackett vart henta inn i bandet, byrja bandet å skrive og øve for ein oppfølgjar i Luxford House i East Sussex, med ei innspeling i Trident Studios etterpå. Nursery Cryme tok bandet i ein meir aggressiv retning på somme av songane, med langt betre tromming. Opningsstykket, «The Musical Box» blanda 12-strengsgitarar, som var blitt eit varemerke for dei, med skarpe elektriske gitarar og klaverinstrument. Songen er ei makaber soge sett til det viktorianske Storbritannia, og vart inspirasjon for plateomslaget. Songen vart òg ein konsertfavoritt. Collins førte med seg ein ny dimensjon til gruppa og tok seg av det meste av korvokalen. I tillegg song han solovokal for første gongen med Genesis på «For Absent Friends», og tok med seg ein viss grad av humor på spor som «Harold The Barrel». Banks brukte meir Mellotron etter forslag frå Hackett og brukte det mykje på fleire spor.
Bandet turnerte i Storbritannia og Europa i eitt år for å marknadsføre albumet, som gjorde dei meir kjende i begge områda. Turneen omfatta ein suksessfull italiensk del i april 1972, der gruppa spelte for entusiastiske publikum. Nursery Cryme hadde selt til sølvplate i Storbritannia i 2013.
Bakgrunn Genesis spelte inn det første albumet deira som profesjonelt band, Trespass, i juni 1970, men kort tid etter slutta det opphavlege medlemmet og gitaristen Anthony Phillips på grunn av auka stress og misnøye med all turneringa. Dei andre medlemmane, songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks og bassisten og gitaristen Mike Rutherford la nesten ned gruppa, men valde å halde fram og erstatte trommeslagaren John Mayhew, med nokon som var meir på linje med dei andre og som kunne skrive songar.
Phil Collins kom med som ny trommeslagar i august, og vart òg ein viktig korvokalist, men dei klarte ikkje å finne ein god erstattar for Phillips. Dette gjorde at bandet spelte den første delen av turneen deira i 1970 og 1971 som eit firemannsband, der Rutherford spelte rytmegitar og basspedalar og Banks spelte sologitar på ein Pianet gjennom ein forvrengd fuzzboks-forsterkar, i tillegg til sine eigne klaverparti. Banks meinte at dette gjorde han langt betre teknisk sett, sidan han måtte spele to forskjellige klaverinstrument samstundes. Gruppa meinte at Collins lett var den beste trommeslagaren dei hadde arbeidd med til då, og spelestilen og den musikalske smaken deira gav dei ein ny dimensjon. Somme songar var ikkje praktisk mogeleg å spele som firemannsband, så dei valde igjen å sjå seg om etter ein sologitarist. I november 1970 kom Mick Barnard med i gruppa etter tilråding frå David Stopps i Friars Aylesbury, og «The Musical Box» vart lagt til settlista. Men resten av gruppa forstod raskt at Barrnard ikkje hadde same standard som resten, og dei heldt fram å sjå seg om etter ein betre musikar.
mini|Øvingane fann stad i Luxford House. Genesis henta inn Steve Hackett etter at Gabriel såg ei annonse han hadde sett inn i Melody Maker i desember 1970, der det stod «Nyskapande gitarist/låtskrivar søkjer band med mottakelege musikarar som ønskjer å drive forbi eksisterande, stagnerte musikkformer». Han såg Genesis halde ein konsert i Lyceum Theatre i London den 28. desember, og vart fortalt av Gabriel at dei måtte erstatte Barnard. Hackett utvikla raskt ein rapport med Rutherford, som begge delte lidenskapen for 12-strengsgitarar og nye musikalske idear, og han kom med i bandet tidleg i 1971.
Med Hackett i bandet fortsette Genesis turneen som omfatta «Six Bob Tour» med Lindisfarne og Van der Graaf Generator, dei første konsertane deira i utlandet, som skjedde i Belgia og dei første tre konsertane deira på den årlege Readingfestivalen. Tidlege forsøk på å arbeide på nytt materiale for det neste studioalbumet, som Hackett skildra som «ein og annan dag i eit vindfullt kyrkjelydhus» medan dei var på turné, var lite produktive og gruppa ønskte å ta seg meir tid til dette. I juli tok dei ein tre månader lang pause frå konsertane for å skrive og spele inn musikk.
Etter forslag frå Tony Stratton-Smith, som eigde selskapet deira Charisma Records, drog dei fem til Luxford House, eit verna bygg frå 1500-talet som han eigde i Crowborough i East Sussex. Gruppa kalla huset «Toad Hall». Dei var nervøse for å skrive songar utan Phillips, og både Collins og Hackett var usikre på kor mange musikalske bidrag dei kunne kome med. Hackett ønskte å utforske nye stilar og musikalske idear, og føreslo at gruppa skulle kjøpe ein Mellotron, som Banks nytta som hovudinstrumentet sitt, i tillegg til Hammondorgelet, i staden for piano. Noko musikk var skrive medan Phillips og Mayhew framleis var i bandet, og vart omarbeidd med dei nye medlemmane. Collins var særskild eit arbeidsjern og var glad for å jamme med kven som helst når som helst.
Innspeling Då dei nye songane var på plass, spelte Genesis inn Nursery Cryme i Trident Studios i London i august 1971 med John Anthony som produsent og David Hentschel som assisterande lydteknikar. Begge desse hadde hatt dei same rollene på Trespass. Hackett spelar ein Les Paul-gitar, som bandet kjøpte til han, med ein Hiwatt-forsterkar. Han hugsa at han hadde noko vanskar med å forstå kva Banks og Rutherford snakka om, sidan dei to hadde sin eigen måte å sei ting på, til dømes kunne dei omtale ein passasje dei nettopp hadde spelt som «ein fin fyr».
Songar
«The Musical Box» «The Musical Box» var eit lengre stykke som skildra ei makaber soge i det viktorianske Storbritannia. Teksten er basert på eit viktoriansk eventyr skriven av Gabriel, om to barn i eit herskapshus. Jenta, Cynthia, tek livet av guten, Henry, med å kløyve hovudet hans med ei krokketkølle. Ho finn seinare speledåsen til Henry. Når ho opnar denne speler denne «Old King Cole» og anda til Henry kjem attende. Anda vert derimot raskt eldre. Dette gjer at han i løpet av få augneblink opplever ei livstid med seksuell lyst, og han prøver å overtale Cynthia til å liggje med han. Lydane får barnepleiaren hans til å kome og ho kastar speledåsen på han, og øydelegg begge to.
Songen hadde sitt opphav då Phillips var i gruppa. Han skreiv ofte i lag med Rutherford på 12-strengsgitar. Rutherford hadde byrja å eksperimentere med uortodokse gitarstemmingar og hadde stemt dei øvste tre strengene til fiss, som skapte den klirrande lyden ein kan øyre i opninga og akkorden som signaliserer starten på den elektriske gitarsoloen. Stemminga gav namn til eit akustisk stykke, «F#» («F sharp» på engelsk) som danna grunnlaget for «The Musical Box», som vart utvikla vidare etter Phillips slutta. I opningsdelen av songen spelar både Rutherford og Banks 12-strengsgitar.
Gitarsoloane hadde opphavet sitt frå den korte tida Barnard var i Genesis. Hackett endra seinare delane som Phillips og Barnard hadde skrive og la til noko av sine eigne arrangement til songen. Han forstod at ingen av medlemmane hadde laga ein lyd som likna ein faktisk speledåse, så han nytta høvet til å spele inn ein gitarpart som ein kan høyre før tekstlinja «Here it comes again». Gabriel, som var ein stor fan av The Who på den tida, pressa Rurtherford til å kome opp med ein «hardkokt, angripande» seksjon i liknande stil som gitaristen deira Pete Townshend. Gabriel nytta valds- og sextema i teksten.Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 ved 18:43–20:11]] Collins var inspirert til å spele dei rullande trommene i den midtre delen etter å ha høyrt «The Weaver's Answer» av Family og la dette til i rytmen. Han sa «Brått var det som om me tok av».
Songen vart ein konsertfavoritt medan Gabriel var i bandet. Han fekk først ideen om å ha på seg kostyme under ein konsert på National Stadium i Dublin i september 1972, og forlet scenen under ein instrumental passasje og kom attende mot slutten med ein raud kvinnekjole og hovudet til ein rev. Seinare hadde han på seg maska av ein «gammal mann» for slutten av songen, og spelte rolla som den eldre Henry.
Andre songar mini|left|«The Return of the Giant Hogweed» skildra eit utbrot av kjempebjørnekjeks-åtak på menneskerasen. «For Absent Friends» er ein akustisk song som var første gongen Hackett skreiv noko vesentleg for gruppa, og den førte Genesis-songen med Collins på solovokal. Etter å ha kome opp med musikken sjølv, og med tekst av Collins, husga Hackett at han var sjenert då han presenterte songen for Gabriel, sidan dei var dei nye medlemmane i gruppa.
«The Return of the Giant Hogweed» åtvarar spreiinga av den giftige planta kjempebjørnekjeks etter at denne vart «fanga» i Russland og ført til England av ein viktoriansk oppdagar. Sjølv om den verkelege planta er særs giftig og farleg, er teksten ei overdriving, og indikerer at planta prøver å ta over menneskerasen. Hackett nyttar seg for første gongen av gitartapping på både «The Musical Box» og «The Return of the Giant Hogweed», ein teknikk der klimprehanda trykkjer på strengene direkte på gitarhalsen. I opninga til sistnemnde spelar både Hackett og Banks triolar i harmoni.
«Seven Stones» vart starta av Banks som nytta det Rutherford skildra som «dei store, sentimentale, revyakkordane hans som han likte så godt.» Melody Maker-skribenten Chris Welch skildra songen som «merkeleg sørgmodig og ufullstendig.» Han la fram ein teori om at den gamle mannen i teksten «sterkt meiner at løyndomen til suksess berre er basert på tilfeldige hendingar og lukke.»
«Harold the Barrel» synte den humoristiske sida til Genesis, som Collins oppfordra til. Teksten syner svart humor med ein mann som vurderer å ta sjølvmord ved å hoppe av ein bygning, med eit ordspel inspirert av John Lennon sin In His Own Write. Sporet vart spelt inn som ein duett mellom Gabriel og Collin. Vokalen deira var miksa på same lydsporet så dei kan ikkje skiljast.
«Harlequin» var skriven av Rutherford. Han spelte to forskjellige gitarpartar på ein enkel 12-strengsgitar og meinte det skapte eit «ganske risikabelt» resultat, og var òg kritisk til sin eigen tekst.
«The Fountain of Salmacis» fortel soga om Salmakis, den gresk-mytologiske naiaden som vart den første hermafroditten. Han oppstod ut frå ein kort passasje som Banks hadde skrive medan han var på universitetet. Banks spelar Mellotron, inspirert av King Crimson sitt In the Court of the Crimson King. Banks meinte instrumentet fylte stykket hans på ein flott måte når han kombinerte det med orgel. Det vart grunnlaget for «The Fountain of Salmacis» som gruppa utvikla vidare gjennom jamming. Hackett likte særleg gongen då han kom opp med gitarsoloen på slutten, som skjedde kring midnatt i Luxford House ein sjeldan gong bandet var oppe så seint for å spele inn musikk.
Plateomslag Plateomslaget vart designa og illustrert av Paul Whitehead som òg hadde designa omslaget for Trespass og det neste albumet deira, Foxtrot. Omslaget syner karakterar og scener basert på «The Musical Box» og Coxhill, herskapshuset med ein krokettplen, var basert på det viktorianske huset der Gabriel voks opp.
På innsida av omslaget var det ei samling gamle fotografi med eit panel for kvar song i lag med eit illustrert bilete. Whitehead meinte seinare at dette var favoritten hans av dei tre han laga for Genesis og sa «Det fungerer særs bra med musikken. Det passar perfekt. Det er rette fargen, den rette stemninga».
Utgjeving