Lubny (ukrainsk Лубни) er ein by i Poltava oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Lubensky rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Byen har kring 44 000 innbyggjarar (2022).

Historie Lubny er ein av dei eldste byane i Ukraina og vart visstnok grunnlagd i 988 av knjazen (prins) Vladimir den store (Volodymyr) av Kiev. Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1107. Staden var først ei lita trefestning ved Sulaelva. Festninga voks raskt på 1400- og 1500-talet og var eigd av den mektige Wisniowiecki-familien. På 1600-talet var han ein av dei største byane i området. Etter at jernbanen kom til byen i 1901 voks han raskt. Under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen var Lubny senteret for ei stor motstandsrørsle. 16. oktober 1941 vart over tusen av jødane i byen, inkludert kvinner og barn, massakrerte av tyskarane i utkanten av byen.USA Holocaust Museum, Einsatzgruppen (Mobile Killing Units)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lubny» frå , den 29. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Poltava oblast Kategori:Busetnader grunnlagde på 900-talet