Punakaiki er ein liten busetnad i regionen West Coast på Sørøya på New Zealand, mellom Westport og Greymouth. Busetnaden ligg ved grensa til Paparoa National Park.
Pancake Rocks («pannekakeklippene») er eit svært populært turistmål ved Dolomite Point sør for busetnaden. Pancake Rocks er eit sterkt erodert sandsteinsområde der havet har trengt seg gjennom eit utal av vertikale blåsehòl ved høgvatn. Saman med den «pannekake»-aktige lagdelinga av sandstein (danna ved høgt trykk på vekselvis harde og blaute lag av marine dyr- og plantesediment),Punakaiki Pancake Rocks & Blowholes (frå vevsida til New Zealand Department of Conservation) utgjer desse hovudattraksjonen i området.
Pancake Rocks er no tilgjengelege gjennom fleire gangvegar som snor seg gjennom klippeformasjonane, somme av desse er farbare med rullestol, og andre er utskorne som trapper opp til og ned frå klippene. Riksvegen New Zealand State Highway 6, den einaste gjennomgangsvegen i West Coast, går gjennom busetnaden.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Punakaiki» frå , den 30. september 2012. Referansar
Bakgrunnsstoff
Punakaiki - West Coast, New Zealand (turistinformasjon frå Punakaiki Promotions Group) Coast road (oppslag i Te Ara Encyclopedia of New Zealand)
Kategori:Blåsehòl Kategori:Tettstader på New Zealand Kategori:Kystgeografi Kategori:Buller District