Perejaslav (ukrainsk Переяслав) er ein by ved Altaelva renn ut i Trubizj i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Perejaslav-Khmelnytskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Byen ligg kring 95 km sør for Kiev.

Byen har kring 30 000 innbyggjarar (2012).

Historie

Perejaslav-Khmelnytskyj har spelt ei viktig rolle i historia til Ukraina. Han vart første gongen nemnt i teksten Den kiev-austromerske avtalen med Austromarriket"Pereyaslav Khmelnytsky – a town of museums", Welcome to Ukraine Magazine, March 2007 (911) som Perejaslav-Russki, for å skilje han frå Perejaslavets i Bulgaria. Vladimir I av Kiev bygde i 992 ei stor festning her for å verne den sørlege grensa til Kiev-riket frå raida til nomadane frå steppene i det noverande sørlege Ukraina. Han var hovudstad i Fyrstedømet Perejaslavl frå midten av 1000-talet til han vart øydelagd av tatarar i 1239.

På andre halvdel av 1500-talet vart han eit senter for ukrainske kosakkar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pereiaslav» frå , den 1. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i Kiev oblast Kategori:Busetnader grunnlagde på 900-talet