Horda Tidend, starta som Vossingen, var ei dagsavis som vart utgjeven i Voss frå 1925 til 1989. Avisa kom fyrste gong ut 1. september 1925 som Vossingen, men bytte namn til Horda Tidend i april 1929, og vart samtidig offisielt partiorgan for Senterpartiet i Voss og Hardanger.

Avisa konkurrerte fyrst og fremst med det bergensbaserte Bondebladet, ei avis som gjekk inn i 1935.Eggen (2010), s. 54 Utgjevinga av Horda Tidend stansa under den tyske okkupasjonen, og etter krigen kom ikkje avisa i gang igjen før i april 1949.

Johs K. Ringheim var redaktør for avisa frå 1949 til 1981, og dei neste åtte åra var det fem ulike redaktørar. Avisa var lenge den nest største avisa i Voss, etter avisa Hordaland, og forsøkte å overleve ved å forlate fullformatet og verte politisk uavhengig. Fornyinga førte til eit lite oppsving i opplagstalla, med ein topp på 2413 utgåver i 1987, men 6. januar 1989 vert avisa til slutt lagt ned.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Kultur i Voss Kategori:Aviser skipa i 1925 Kategori:Aviser nedlagde i 1989 Kategori:Senterpartiet Kategori:1925 i Noreg Kategori:1989 i Noreg