mini|Jakob Anderegg står bakarst til venstre mini|Piz Roseg, der Jakob Anderegg den 28. juni 1865 var ein av dei tre fyrste til topps Jakob Anderegg () var ein sveitsisk fjellførar og -klatrar frå Oberwil im Simmental i kantonen Bern. Han døydde i Meiringen i same kantonen. Melchior Anderegg var syskenbarnet hans.
Anderegg var med på fleire av dei mest oppsiktsvekkande fyrstebestigingane i Vest-Alpane. Han var aktiv fjellførar både under den såkalla gullalderen for alpe-klatring, tida 1854-65, og i den såkalla sølvalderen for tindesporten i Alpane, år 1866 til ca 1885.
Fyrstebestigingar Balmhorn i Bern-Alpane - 21. juli 1864, saman med Frank, Lucy og Horace Walker, samt Melchior Anderegg Piz Roseg i Bernina-Alpane - 28. juni 1865, saman med Adolphus Moore og Horace Walker Ober Gabelhorn i Wallis-Alpane - 6. juli 1865, saman med Adolphus Moore og Horace Walker Pigne d'Arolla i Wallis-Alpane - 9. juli 1865, saman med Adolphus Moore og Horace Walker Gspaltenhorn i Bern-Alpane - 10. juli 1869, saman med G. E. Forster og Hans Baumann
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jakob Anderegg» frå , den 10. oktober 2012.
Kategori:Sveitsiske fjellklatrarar