mini|Emblemet til Antarktistraktaten mini|Eit samansett satelittbilete av Antarktis. Antarktistraktaten og tilknytte avtalar, som i lag vert kalla Antarktistraktatsystemet eller ATS, regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentet på jorda utan innfødde folkeslag. Avtalen dekkjer alle landområde og isbremmar sør for 60 °S. Traktaten, som trødde i kraft i 1961 og som i dag 50 nasjonar har skrive under på, definerer Antarktis som eit vitskapleg reservat med fridom til å utføre vitskaplege utforskingar samstundes som han forbyr all militær aktivitet på kontinentet. Traktaten var den første nedrustingskontrollavtalen som vart oppretta under den kalde krigen. Hovudkvarteret til sekretariatet for Antarktistraktaten har sidan september 2004 lege i Buenos Aires i Argentina.

Antarktistraktaten Hovudavtalen vart opna for underskriving 1. desember 1959 og tredde offisielt i kraft 23. juni 1961. Dei originale underskrivarane var dei tolv landa som var aktive i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året (IGY) 1957–58. Desse var Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA. Desse landa hadde oppretta over 50 stasjonar i Antarktis for IGY. Avtalen var eit diplomatisk uttrykk for det operasjonelle og vitskaplege samarbeidet ein hadde fått til «på isen».

Paragrafar Antarktistraktaten Paragraf 1 – Området skal berre nyttast for fredelege føremål; militær aktivitet, som våpentesting, er ulovlege, men militært personell og utstyr kan nyttast for vitskapleg forsking eller andre fredelege føremål. Paragraf 2 – Fridom til vitskaplege utforskingar og samarbeid skal fortsetje. Paragraf 3 – Fri byte av informasjon og personell i samarbeid med Dei sameinte nasjonane og andre internasjonale byrå. Paragraf 4 – Avtalen anerkjenner, motstrid eller etablerer ikkje territoriale suvernitetskrav. Ingen nye krav kan heller stillast medan avtalen er i kraft. Paragraf 5 – Avtalen forbyr prøvesprengingar av kjernefysiske våpen eller tømming av radioaktivt avfall. Paragraf 6 – Avtalen gjeld for alle landområde og isbremmar sør for 60 grader 00 minuttar sør. Paragraf 7 – Observatørar for medlemslanda i avtalen har fri tilgjenge, inkludert frå lufta, til alle område og kan inspisere alle stasjonar, installasjonar og utstyr. Melding om alle aktivitetar og innføring av militært personell må gjevast på førehand. Paragraf 8 – Tillet domsmakt over observatørar og vitskapsfolk frå sine eigen statar. Paragraf 9 – Hyppige rådgjevande møter skal finne stad mellom medlemslanda. Paragraf 10 – Alle medlemslanda skal motverke aktivitetar frå andre land i Antarktis som ikkje er medlem av avtalen. Paragraf 11 – Alle tvistar skal avgjerast fredeleg av partane det gjeld, eller i siste instans av Den internasjonale domstolen. Paragrafs 12, 13, 14 – Omhandlar godkjenning, tolking og endring av traktaten mellom dei involverte nasjonane.

Hovudmålet til ATS er å sikre at interessene for alle menneske om at Antarktis til evig tid utelukkande skal nyttast til fredelege føremål og ikkje skal verte åstad for internasjonale usemjer.. Traktaten forbyr alle tiltak av militær natur, men ikkje nærvær av militært personell.

Andre avtalar mini|Å dumpe avfall langs kysten, slik som her ved den russiske Bellingshausen-basen er ikkje lenger lov i følgje Miljøvernsprotokollen mini|Denne framsida frå 1959 omhandla opninga av Wilkes postkontor i Australsk Antarktis.

Andre avtalar — kring 200 anbefalingar som ein har kome fram til og ratifisert på medlemsmøta — omfattar: Bevaringstiltak for flora og fauna (1964) (tredde i kraft i 1982) Konvensjonen om bevaring av antarktiske selartar (1972) Konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis (1980) Konvensjonen for regulering av mineralressursar i Antarktis (1988) (signert 1988, ikkje tredd i kraft) Protokoll om miljøvern til Antarktistraktaten vart signert 4. oktober 1991 og tredde i kraft 14. januar 1998. Denne avtalen vernar om miljøet i Antarktis gjennom fem spesifikke punkt på marin forureining, plante- og dyreliv, vurdering av miljøverknader, avfallshandtering og verneområde. Han hindrar all aktivitet knytt til minerale ressursar, utanom for vitskaplege føremål. Eit sjette punkt, om ansvar i samband med miljøkriser, vart teken opp i 2005, men har ikkje tredd i kraft enno.

Møter Antarktistraktaten sine årlege konsultasjonsmøte (ATCM) er eit internasjonalt forum for styre og administrasjon av regionen. Berre 28 av dei 49 deltakarlanda har rett til å delta i avgjersler ved desse møta, sjølv om dei 21 andre landa har lov å delta på møtet. Dei avgjersledeltakande landa er Rådgjevande partar og, i tillegg til dei 12 originale underskriftslanda, omfattar dette 16 land som har synt interessa si i Antarktis ved å utføre omfattande vitskapleg aktivitet der.Antarktistraktaten sitt sekretariat

Medlemmar 400px|center|mini|

Land Underskrive Rådgjevande Møterett *23. juni 1961 (claim)23. juni 196125. august 198727. desember 200626. juli 1960 12. september 1983 16. mai 1975 25. mai 1998 11. september 19784. mai 1988 *23. juni 1961 7. oktober 1985 8. juni 198331. januar 198916. august 1984 (som )14. juni 198220. mai 1965 19. november 1990 15. september 198717. mai 2001 9. oktober 1989 15. mai 1984 (krav)16. september 1960}} (krav) (avstått sidan 1945) 3. mars 1981 5. oktober 1987 5. februar 1979 19. november 1974 8. januar 198731. juli 199127. januar 1984 12. september 1983 19. august 1983 5. oktober 1987 18. mars 19814. august 196031. oktober 201130. mai 2008 19. novemeber 1990 30. mars 1967 (krav)1. november 196021. januar 1987 (krav)24. august 19601. mars 201229. januar 2010 9. oktober 1989 10. april 1981 29. januar 1977 23. juni 196129. januar 201015. september 1971 (som )**21. juni 1960 (som )14. juni 196221. juni 1960 9. oktober 1989 28. november 1986 21. september 1988 31. mars 1982 21. september 1988 24. mars 198415. november 199025. januar 1996 27. mai 2004 28. oktober 1992 *31. mai 1960**18. august 1960 7. oktober 1985 11. januar 1980 24. mai 1999

* Krav overlappar.

** Reservert rett til å krevje område.

I 2012 er det 50 medlemsland der 28 har rådgjevande makt og 22 møterett. Av dei rådgjevande medlemslanda med stemmerett omfattar dette dei sju landa som har gjort krav på Antarktis som eit nasjonalt territorium. Dei 22 andre nasjonane har ikkje anerkjent krava til dei andre, og heller ikkje erklært at dei har tatt ei stilling til det.

Sjå òg Antarctic and Southern Ocean Coalition (ASOC) Arktisk Råd

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antarctic Treaty System» frå , den 12. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Antarktistraktaten sitt sekretariat Den fulle teksten i Antarktistraktaten National Science Foundation – Office of Polar Programs Liste over alle møta til Antarktistraktaten

Kategori:1959 i Antarktis Kategori:1961 i Antarktis Kategori:Kravområde i Antarktis Kategori:Avtalar i den kalde krigen Kategori:Nedrustingskontrollavtalar Kategori:Avtalar i 1959