Kuzey Kıbrıs Türk Cumhuriyeti Den tyrkiske republikken Nord-Kypros 120px 100pxFlagg Riksvåpen Nasjonalt motto: ikkje nokoOffisielt språk: Tyrkisk Hovudstad: Levkosía (ty: Lefkoşa) Styreform:President:Statsminister:RepublikkMustafa AkıncıHüseyin Özgürgün Areal: Av dette vatn: 3 355 km² 2,7 % Innbyggjarar (2005): Tettleik: 229 210 68,3/km² Valuta: Ny tyrkisk lira Tidssone: UTC +2 Nasjonaldag: 15. november Nasjonalsong: «İstiklâl Marşı» Nasjonalt toppnivådomene: .nc.tr Geografisk plassering: 250px
Kart over Nord-Kypros
250px
Nord-Kypros (tyrkisk: Kuzey Kibris Türk Cumhuriyeti) er ein republikk nord på øya Kypros. Området omfattar meir enn ein tredel av øya. Republikken er ikkje offisielt anerkjend av andre enn Tyrkia. Republikken Nord-Kypros ynskjer eit føderalt system i eit samla Kypros eller å verta anerkjend av dei sameinte nasjonane.
Staten vert òg omtala som Den tyrkiske republikken Nord-Kypros eller KKTC.
Nord-Kypros er sterkt avhengig av stønad frå Tyrkia.
Historie Staten vart oppretta som resultat av striden mellom gresk-kypriotane og tyrkisk-kypriotane. Den nordlege delen av Kypros vart invadert av Tyrkia i 1974. I 1975 vart Nord-Kypros gjeve namnet «tyrkisk føderal stat Nord-Kypros». I 1983 vart området utropa som sjølvstendig stat og namnet endra til Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.
Administrativ inndeling Nord-Kypros er delt inn i seks distrikt: Lefkoşa Gazimağusa Girne Güzelyurt Lefke İskele Distrikta er igjen delte inn i 12 underdistrikt med i alt 28 kommunar.
Referansar
Kategori:Kypros Kategori:Omstridde område i Europa Kategori:Ikkje-anerkjende statar