Konrad Justin Kaspersen Halmøy () frå Flatanger i Nord-Trøndelag, var ein norsk lærar, bonde og lokalpolitikar som representerte partiet Venstre.
Halmøy var lærar i Hamarøy frå fyrste halvdelen av 1890-åra. Folketeljinga 1900 viser at han budde på garden Ulfsvåg, og ved sidan av å vere lærar i folkeskulen også dreiv med «Træarbeide». Ti år seinare budde han på garden Solbakk, og dreiv dette bruket, ved sidan av hovudyrket som lærar.http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036927002450
Halmøy var medlem av Hamarøy sitt heradstyre frå 1902 til 1904 og frå 1911 fram til han blei vald til ordførar i 1920, eit verv han hadde i dei fire periodane fram til 1931.
Kjelder
Thor M. Andersen (red.): Norges ordførere 1929-1931. A.M. Hanches Forlag, Oslo 1931, s. 256 (digitalisert av Nasjonalbiblioteket).
Kategori:Ordførarar i Hamarøy Kategori:Venstreordførarar i Nordland Kategori:Folk frå Flatanger Kategori:Folk frå Hamarøy Kategori:Norske lærarar