Somovhavet er eit randhav i Sørishavet og ligg nord for Aust-Antarktis, nord for Oates Coast, Victoria Land og George V Coast, mellom 150° og 170° aust. I vest ligg D'Urvillehavet.New Zealand Antarctic Society: Antarctic, Volume 7, page 395 Aust for Cape Adare, ved 170°14' E, ligg Rosshavet.kart over Cape Adare

Somovhavet dekkjer eit areal på 1 150 000 km² og er opp mot 3000 meter djupt.

240 km nord for kysten ligg Ballenyøyane.

Somovhavet er kalla opp etter den russiske oseanografen og polfararen Mikhail Somov.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Somov Sea» frå , den 14. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Havområde i Sørishavet