mini|Marmorbrot i Carrara. mini|Steinbrot i Vistdal der det vert teke ut vistdalitt. Steinbrot er å bryte ut eller å ta ut stein frå fjellet, alternativt nemning på staden dette vert gjort. Steinbrotsverksemd er det arbeid som må til for å ta ut ein bergressurs frå der han ligg i fast fjell til han er klar for sal. Det kan vere lausmasse eller steinblokker. Steinen ein vinn ut kan nyttast til bygningselement som større blokker eller plater, eller knust og sikta som byggeråstoff (slik som pukk).
Ein stein er ei laus blokk, ein steinblokk eller eit stykke av ein bergart. Fjellet er massivt, fastsitjande og sett saman av bergartar.
Fjellmassar har frå uminnelege tider vore utsette for naturkrefter, som samandragingar i storkningsperioden og belastingar som trykk og temperaturendringar. Vulkansk aktivitet og nedsekkingar ved foldingar i jordskorpa (mantelen), istider og breflyttingar som har gitt mekaniske påverknadar. Desse påverknadane betyr mykje og avgjer om natursteinsførekomsten kan drivast økonomisk forsvarleg.
Bergartar har ulik struktur og spalteeigenskapar, noko som medfører at det må takast ulike omsyn, derfor føregår brotverksemd på mange måtar etter kva slags bergart som vert teken ut.
Nokre ulike måtar å drive brotverksemd på: Syenittbrot finst særleg ved Larvik, bergarten finst i Oslofeltet, mellom Oslo og Tjøme. Syenitt, ein bergart med mange namn: Blue pearl, lys larvikitt, mørk larvikitt, lys labrador, mørk labrador, larvikitt, Emerald pearl, nordmarkitt, og han har nok endå fleire namn. Syenitt inneheld lite kvarts og har dårlege kløyveeigenskapar, og blokkene må også følgje fargeplanet. Skiferbrot finst mellom anna ved Oppdal, Otta og Alta. Granittbrot finst i Østfold, ved Oslo og Drammen og i Grimstad, men også mange andre plassar i Noreg. Kalksteinsbrot finst ei rekke stadar i landet.
Nokre norske steinbrot Alta – Kvartsittskifer Bindal – Marmor Eide - Marmor og kalk Fauske – Marmor Fåvang – Glimmerskifer og fylitt Hellvik i Eigersund – kvit labradoritt – vert eksportert knust. Iddefjorden – Iddefjordsgranitt Jondal – Kvartsittskifer Larvik – Syenitt/monzonitt Bergan – Syenitt Brøtsø – Syenitt Klåstad – Mørk labrador Håkestad – Syenitt Malerød – [yenitt Stålaker – Marina Pearl Tvedalen – Lys labrador Unneberg – Syenitt Lilleberg – Serpentinitt Oppdal – Kvartsittskifer Ekebergskrenten – Alunskifer Otta – Glimmerskifer og fylitt Røyken – Røykengranitt Solør – Gabbro – Svart granitt Snåsa – Kvartsittskifer Støren – Dioritt – Kvit granitt Tolga – Dioritt – Kvit granitt Vistdal – Vistdalitt-gabbro Voss – Kvartsittskifer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Steinbrudd» frå , den 14. oktober 2012.
Kategori:Steinindustri Kategori:Gruvedrift