TVNorge (forkorta TVN) er ein norsk fjernsynskanal. Kanalen byrja å sende 5. desember 1988 og var den fyrste norske reklamefinanserte fjernsynskanalen. Dei som stod bak TVNorge i oppstartfasen var Hallvard Flatland, Ola Grønvold, Erik Rynning og Ola Steinsrud.

Historie Kanalen hadde si fyrste sending 5. desember 1988 med eit timelangt direktesend underhaldningsprogram frå Oslo Cabaret med Lill Babs og Tomboy som musikalske trekkplaster. Hallvard Flatland opna kanalen som programleiar.Journalisten - Lønnsom outsider (28.11.2008)

I 1997 kjøpte TV 2 49,33 prosent av aksjane i TVNorge, men selde aksjane vidare til det amerikanske mediekonsernet SBS Broadcasting i 2004.

Discovery Networks Norge og TVNorge har i dag rundt 160 tilsette. 95,4 % av folkesetnaden i Noreg kan sjå kanalen om dei vil.TV2 – Flere kan se Zebra (3.1.2007) TVNorge har i dag 75 tilsette, og 88,9 prosent av folkesetnaden i Noreg kan sjå kanalen om dei vil. TVNorge er den tredje største fjernsynskanalen i Noreg ut frå talet på sjåarar. TVNorge vert distribuert via satellitt, kabelfjernsyn og gjennom eit samarbeid med eit nettverk av lokalfjernsynstasjonar som sender nokre lokale program i tillegg til TVNorge sine program.

Datafirmaet Novell Netware gjekk til sak mot TVNorge ettersom dei meinte logoen til fjernsynskanalen likna for mykje på Novell sin eigen firmalogo. Dei vann ikkje fram med saka si.

Kjende program som blir eller har blitt sende på TVNorge

Slankekrigen Lost Ugly Betty Heia Tufte! Feriekolonien 71° nord Alt for Norge I kveld med YLVIS Helt perfekt

Kjelder

Bakgrunnsstoff

SBS Broadcasting

Kategori:Kringkastingsselskap

Kategori:Norske fjernsynskanalar Kategori:Norske medieføretak Kategori:Fjernsynskanalar og -stasjonar skipa i 1988 Kategori:Norskspråklege fjernsynskanalar