Îlots de Guébriant er to småøyar vest for Den antarktiske halvøya, nord i Marguerite Bay, som ligg 5 nautiske mil (9 km) søraust for Cape Alexandra, det søraustlege neset på Adelaide Island. Dei vart oppdaga under Den franske antarktisekspedisjonen 1908–1910 under Jean-Baptiste Charcot og vart namngjeven av han etter Jean Budes de Guébriant, som var ein fransk katolsk misjonær som reiste til Kina.

Øyane vart kartlagde av Falklands Islands Dependencies Survey (FIDS, føregjengaren til British Antarctic Survey) i 1948. Dei vart kartlagde på ny av Royal Navy Hydrographic Survey Unit i 1963http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=109132http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=154:3:4412732919782631::NO::P3_ANTAR_ID,P3_TITLE:6117%2CGu%C3%A9briant%20Islands.

Begge øyane er langstrekte og strekkjer seg frå nordaust til sørvest. Den mindre (nordlegaste) av dei to er kring 500 meter lang og 200 meter brei og det høgaste punktet er 92 meter over havethttp://www.antarctic.ac.uk/apc/namemap.htmlBritish Antarctic Survey topographic map (Satellite Image Map) SQ 19-20/14 (Extended), Edition 1, 2010, Adelaide Island and Arrowsmith Peninsula, Scale 1:250,000. Den sørlege øya er om lag like brei men er kring 1100 meter lang og mykje lågare. Mellom øyane ligg eit kring 200 meter breitt sund. Om sommaren vert dei nesten isfrie. Kring 1 km sørvest for øyane ligg Mission Rock, som òg er kalla opp etter misjonæren de Guébriant.

Argentina, Chile og Storbritannia har alle gjort krav på Îlots de Guébriant som ein del av kravområdet deira i Antarktis.

På klåre dagar kan ein sjå Îlots de Guébriant frå Rothera forskingsstasjon, ein avstand på kring 28 km.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Guebriant Islands» frå , den 18. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kategori:Øyar ved Adelaide Island