Ullensvang kyrkje er ei steinkyrkje bygd i åra 1250-1300 i Lofthus i Ullensvang kommune. Opphavleg stod kyrkja utan tårn. Tårnet vart oppført framføre vestinngangen mellom 1883 og 1885. Den opphavlege vestportalen vart då sett inn som portal vest i tårnet. Det vart også sett til to tverrstilte tilbygg i nygotisk stil på sørsida av kyrkja.
I 1958 vart kyrkja restaurert på nytt, under leiing av Arnstein Arneberg. Mykje av det nygotiske interiøret frå 1870-talet vart då teke vekk og interiøret vart prega av 1950-talet, inspirert av 1600-talet med dører framfor benkene etc. Veggene fekk ny puss innvendig, og det vart lagt kvelving over skipet.
Kyrkja står i det nordvestre hjørnet av kyrkjegarden. Nordvest for kyrkja er Ullensvang prestegard.
Ved avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg kyrkja i Ullensvang prestegjeld.
Bilete
Bakgrunnsstoff Ullensvang kyrkje på nettstaden norgeskirker.no Om kyrkja på nettstaden til Ullensvang herad Fotografi av kyrkja før ombygginga på 1880-talet Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Ullensvang herad på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Ullensvang Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Norske kyrkjer med heidne namnelekkar Kategori:Arnstein Arneberg Kategori:Kulturminne i Ullensvang Kategori:Valkyrkjer i 1814