Horseshoe Island er ei øy som dekkjer det meste av innløpet til Square Bay, langs vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart oppdaga og namngjeven av British Graham Land Expedition under Rymill som kartla området både på bakken og frå lufta i 1936–37. Namnet syner til ein hesteskoforma fjellrygg på øya med toppar på 600 til 900 meter over havet.
Base Y Base Y (Marguerite Bay) vart etablert på Horseshoe Island av Falkland Islands Dependencies Survey i 1955. Han var i kontinuerlig bruk frå 11. mars 1955 fram til han vart nedlagd 21. august 1960 og mannskapa overført til Base E på Stonington Island. Stasjonen vart nytta i samband med topografiske og geologiske undersøkingar, i tillegg til for meteorologiske observasjoner.Horseshoe Island Station Y — History British Antarctic Survey Anlegget er verneverdig som ein relativt uendra og fullstendig utstyrt britisk forskingsstasjon, og står oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Fallières Coast