For elva med same namn, sjå Elva Hérault

Hérault (oksitansk: Erau) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Montpellier (225 000 inb. i 1999) som òg er hovudstad i regionen.

mini|venstre|Rue Foch i Montpellier

Medan Montpellier har vore ein viktig universitetsby sidan mellomalderen, så er hovudnæringsvegane i departementet landbruk og turisme. Vin for masseforbruk har vore det viktigaste produktet. Auka import frå Amerika og Australia og mindre vinforbruk i Frankrike har gjort at vinbøndene står overfor krav om omlegging til mindre vinmarker og høgare kvalitet, nok som har vore ein smertefull prosess.

Historie Hérault er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.

Ved byrjinga av 1900-talet førte låge vinprisar i samband med sjukdom i vindruene førte til protestar frå tusentals mindre vinmakarar. Opprøret vart hardt slått ned på av regjeringa til Georges Clemenceau.

Den harde frosten vinteren 1956 øydela oliventrea, og oliveproduksjonen i området kom seg ikkje på fote igjen før i 1980-åra. Mykje av verksemda tilknytt olivenindustrien la ned.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Aude, Tarn, Aveyron, Gard, i tillegg til Middelhavet (Golfe du Lion) i sør.

Geografisk er departementet svært variert med strender i sør, Cevennane i nord, og med jordbruksland i mellom.

Viktige elvar: Aude Orb Hérault Vidourle

Klima Middeltemperaturen ligg mellom 15 og 16 °C.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Héraultais.

Kultur Canal du Midi står på UNESCO si verdsarvliste.

Turisme Dei mest kjende turiststadene i Hérault er: Strendene ved La Grande-Motte, Palavas-les-Flots, Carnon, Sète, Cap d'Agde, Valras og Portiragnes. Kalksteinsgrottene les grottes de Clamouse og les grottes des Demoiselles. Slusene frå Fontserrane til Canal du Midi. Fjellet Pic-Saint-Loup og kløftene les Gorges d'Héric. Thau-bassenget. Valfartsstaden og mellomalderlandsbyen Saint-Guilhem-le-Désert.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside Turisme i Hérault Nettside om Languedoc Roussillon Canal du Midi Bilete frå Hérault

Kategori:Franske departement