Arild Edvin Sandvold () var ein norsk organist og komponist frå Oslo. Størstedelen av virket sitt gjorde han som organist i Oslo domkyrkje og som orgellærar på Oslo Musikkonservatorium (no Noregs Musikkhøgskule) i meir enn 50 år.
Sandvold studerte først nokre år i Oslo, før han reiste til Leipzig der han lærte orgelspel hjå Karl Straube. I Leipzig høyrde Sandvold Max Reger sin orgelmusikk, som fekk stor påverknad på han. Denne påverknaden kjem tydelegast fram i det store orgelverket Introduktion og Passacaglia, som er særs omtykt òg i dag.
Utmerkingar
I 1949 blei Sandvold utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden I 1953 blei han utnemnd til riddar av 1. klasse av Finlands løves orden. I 1964 blei han utnemnd til medlem av det svenske Kungliga Musikaliska Akademien. I 1965 forfremja til kommandør av St. Olavs Orden. I 1978 fekk han Lindemanprisen.
Kategori:Norske organistar Kategori:Norske komponistar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Finlands løves orden