Beat Feuz () er ein sveitsisk skirennar frå Schangnau i kantonen Bern. Han vart nummer to i verdscupen i alpint 2012.
Aktiv Feuz debuterte i verdscupen i desember 2006 i Reiteralm, utan å utmerke seg. Sesongane 2008 og 2009 gjekk han skadd. Hans beste plassering i verdscupen 2010 var ein 12. plass i den alpine kombinasjonen i Wengen.
Under sitt fyrste store meisterskap, alpin-VM 2011 i Garmisch-Partenkirchen, vart han nummer ni i utfor. Han fekk sitt gjennombrot som skirennar i utforløypa på Kvitfjell 11. mars 2011. Den dagen vann Feuz utforrennet med fem hundreddels margin til Erik Guay frå Canada. Dagen etter kom Feuz på tredjeplassen i den same løypa.
Gjennom heile 2012-sesongen var Feuz med i tetkampen om verdscuptroféet. Ved sesongslutt stod han med 1 330 poeng, og kom dermed 25 poeng bak verdscupvinnaren Marcel Hirscher frå Austerrike, men var nesten 200 poeng føre tredjemann, nordmannen Aksel Lund Svindal. Feuz vann fire av verdscuprenna, og stod i alt 13 gongar på pallen.
Verdscupsigrar Nr. Dato Stad Øving 1. Kvitfjell Utfor 2. Val Gardena Super-G 3. Wengen Utfor 4. Sotsji Utfor 5. Kvitfjell Super-G* *Delt med Klaus Kröll
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beat Feuz» frå , den 27. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sveits Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2022