Kabylsk er eit berbarspråk (kabylsk taqbaylit, uttala [θɑqβɛiˈliθ]) snakka av kabylfolket. Det er over 6 000 000 talarar i heile verda, ein majoritet av dei, 4,5 millionar, bur i Algerie.

Grammatikk Morfologi Som i andre afroasiatiske språk er ordbøyinga sentrert rundt konsonantstrengar, såkalla røter, t.d. rg «å drøyme». Desse dannar eit XCXCX-templat, som det er mogleg å setje inn vokalar for, for å få ulike ordformer.

Vokalisering a-u:  argu  (imperfektiv) Vokalisering u-a:  urga  (perfektiv)

Kabylisk har ulike modus, kausativ, passiv, resiprokal, faktiv + resiprokal. Desse blir danna med å prefiksere konsonantar til CC-templatet.

I arabisk er det ein tendens til tre-konsonant-røter, men i kabylisk er tendensen å ha to.

Kabylisk har også affiksering. Konsonantinitiale substantiv dannar plural med suffiks, som sg. lbiru, pl. lbiruwat,

Språkhistorie Ytre språkhistorie

Kabylsk har ei relativt kort historie, det var (med nokre unntak) nesten ikkje skrive før på 1900-talet, likevel har det i seinare tid har ein liten men aukande litteratur vokse fram. Den originalt munnlege poesien til Si Mohand og Ait Menguellet er spesielt verdt å nemne her.

Døme:

OrdOmsettingUttale: jord akal ækjel himmel igenni iguenni vatn aman æmen eld times thimess menneskje amdan amdhan mann argaz ærges kvinne tamettut thæmttoth eta ečč etsh drikka sew soww stor meqqar mekkor liten mezzi beztouh. amezzjan, akkrour natt idh idh dag ass æss

Indre språkhistorie

...

Bakgrunnsstoff

La page Berbère / Kabyle Portail de la Kabylie Kabyle.com

Litteratur

Loikkanen, Sinikka 1998: Vocabulaire du roman kabyle (1981-1995) une étude quantitative. Études et documents berbères, no. 15/16, p. 185-196, online loikkanen98.pdf

Kategori:Tamazightiske språk Kategori:Einskildspråk