Kay Island er ei lita øy som ligg 2 nautiske mil (3,7 km) aust for Cape Johnson nord i Wood Bay i Victoria Land. Ho vart oppdaga i 1841 av kaptein James Clark Ross i Royal Navy, og vart namngjeven av han etter løytnant Joseph W. Kay, direktør i Rossbank Observatory på Tasmania, som var tredjeløytnant på skipet «Terror». Opphavleg vart ho kartlagd av Ross som ei gruppe på tre øyar, men ein kjenner berre til denne øya i dette området i dag.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kategori:Øyar i Victoria Land Kategori:Borchgrevink Coast