«Video Games» er debutsingelen til den amerikanske songaren Lana Del Rey. Han er ein kammerpop-ballade med element av indiepop og triphop og vart produsert av Robopop. Teksten og musikken er skriven av Del Rey og Justin Parker. Han vart først gjeven ut på Internett den 29. juni 2011 og vart seinare gjeven ut på EPen Lana Del Rey, før han kom ut som første singelen frå studioalbumet Born to Die den 10. oktober 2011, på Interscope Records. Songen fekk stort sett gode meldingar frå kritikarane, som hylla den unike stemma hennar.
«Video Games» selde særs godt og nådde førsteplassen i Tyskland og Topp 10 på singellistene i Austerrike, Belgia, Tsjekkia, Nederland, Frankrike, Irland, Polen, Skottland, Sveits og Storbritannia. Musikkvideoen til songen vart regissert og klypt av Del Rey sjølv der ho syng songen filma med eit webkamera blanda med arkivklipp.
Singelen selde til platinaplate i minst ni land og vann ein Ivor Novello-pris for «Best Contemporary Song» i 2012 i tillegg til at han vart nominert til fleire andre prisar.
Innhald
CD-singel "Video Games" (Radio Edit) – 4:01 "Blue Jeans" – 3:31
Digital EP "Video Games" – 4:46 "Blue Jeans" – 3:34 "Video Games" (Mr Fingers Remix) – 9:00 "Video Games" (Omid 16B Remix) – 5:14
The Remix EP "Video Games" – 4:03 "Blue Jeans" – 3:33 "Video Games" (Club Clique for The Bad Girls Remix) – 4:59 "Video Games" (White Lies C-mix) – 7:33 "Video Games" (Larry "Mr. Finger" Heard Remix) – 9:00 "Video Games" (Helium Robots Remix) – 4:51 Digital Remix EP "Video Games" (Club Clique for The Bad Girls Remix) – 4:57 "Video Games" (Jakwob and Etherwood Remix) – 3:42 "Video Games" (White Lies C-Mix) – 7:32 "Video Games" (Jamie Woon Remix) – 5:14 "Video Games" (We Don't Belong In Pacha Remix) – 5:19
Lister Liste (2011–2012) Plassering Brasil (Billboard Hot 100)"Brasil Hot 100 Airplay". Billboard Brasil (Brasil: bpp) (2): 100. desember 2011. ISSN 977-217605400-226 Brasil (Billboard Hot Pop-songar)"Brasil Hot 100 Airplay". Billboard Brasil (Brasil: bpp) (2): 97. desember 2011. ISSN 977-217605400-233Japan Hot 10091
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:Video Games (song)» frå , den 10. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 2011 Kategori:Singlar frå 2011 Kategori:Debutsinglar frå 2011 Kategori:Lana Del Rey-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Tyskland Kategori:Pop-balladar Kategori:Indie pop-songar