Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, òg kalla Den hebraiske bibelen, er eit kanonisk (heilag) skrift for jødedommen og kristendommen.Barstad, Hans M.. (20. februar 2018). Det Gamle Testamente. I Store norske leksikon. Henta 29. mai 2018. Skriftet er ein av to hovuddelar av Bibelen; Den andre hovuddelen er Det nye testamentet (ofte forkorta til NT).

Det gamle testamentet «er [eit] kristen[t] [omgrep] og har som føresetnad Det nye testamentet (den kristne dobbeltkanon)», skriv Store Norske Leksikon.

Den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.

Namn Namnet til testamentet kjem frå latin Vetus Testamentum, ei omsetjing av det greske I Palea Diathiki som tyder 'den gamle pakta' eller 'testamentet'. Dette var for å visa at ein meinte den gamle pakta mellom Gud og jødane var blitt erstatta av ei ny då Messias (Jesus) kom til menneska.

Det vanlegaste jødiske namnet på dei same skriftene er Tanákh.

Bøkene i Det gamle testamentet etter kristen tradisjon

Fyrste mosebok Andre mosebok Tredje mosebok Fjerde mosebok Femte mosebok Josva Domarane Rut Samuelsbøkene (1-2) Kongebøkene (1-2) Krønikebøkene (1-2) Esra Nehemja Ester Job Salmane Salomos ordtøke Forkynnaren Høgsongen Jesaja Jeremia Klagesongane Esekiel Daniel Hosea Joel Amos Obadja Jona Mika Nahum Habakkuk Sefanja Haggai Sakarja Malaki

Dei deuterokanoniske eller apokryfe bøkene

Tobit Judit Den greske Ester-boka (blir ikkje rekna som ei eiga bok, men som tillegg til Ester) Visdommens bok Sirak Baruk Tillegg til Daniels bok (blir ikkje rekna som ei eiga bok, men som tillegg til Daniel) Fyrste makkabearbok Andre makkabearbok

Kjelder

Kategori:Bibelen