Lars Bystøl () er ein norsk tidlegare skihoppar frå Myrkdalen på Voss.
Karriere Han vann sitt fyrste verdscuprenn 4. januar 2006 i Innsbruck under den tysk-austerrikske hoppveka. Ein månad seinare vart han olympiameister då han vann normalbakkerennet under vinter-OL i Torino. I same olympiaden vann bronsemedaljar i storbakkerennet og i laghoppinga, i den siste tevlinga saman med Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Bystøl er medlem av Idrottslaget Eldar.
Besteplasseringar i verdsmeisterskap og olympiske leikar 2005: Nr 4 i stor bakke, og bronsemedalje i laghopping i Oberstdorf 2006: Gullmedalje i normalbakke, bronsemedalje i stor bakke og i laghopping under OL i Torino. Vinnar av verdscuprenn i Innsbruck.
Besteplasseringar i internasjonale renn 2002: Nr 24 i Zakopane (debut) 2003: Nr 5 i Willingen 2004: Nr 4 i Hakuba 2005: Nr 3 i stor bakken på Lillehammer 2006: Vinnar i Innsbruck, ein andre- og ein tredjeplass 2006/07: Tre gongar nr 28 2008: Nr 7 i Kuopio
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2000: Nr 5 i storbakken i Meldal Ski-NM 2001: Nr 5 i normalbakken i Sprova Ski-NM 2002: Bronsemedalje i normalbakken i Høydalsmo Ski-NM 2003: Bronsemedalje i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2004: Sølvmedalje i storbakken i Oslo Ski-NM 2005: Gullmedalje i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 2006: Sølvmedalje i normalbakken i Heddal, bronsemedalje i storbakken i Oslo Ski-NM 2007: Nr 5 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 2008: Nr 7 i normalbakken i Trondheim
Bystøl la opp i 2009.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Lars Bystøl i fis-ski.com Lars Bystøl i olympedia.org
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2006 Kategori:Folk frå Voss