Gjesdal Brass Band er eit brassband som blei oppretta i 2001 då Ålgård Musikkkorps slo seg saman med Oltedal Musikkorps. Korpset er frå Gjesdal kommune i Rogaland. Korpset har ein brei medlemsmasse og har medlemmar frå heile Jæren, frå Stavanger i nord til Hå i sør. Jonas Skartveit Rogne er dirigent og korpset har i dag 32 aktive medlemmar. Korpset deltar årleg i NM for brassband og har dei siste åra stilt i 2. divisjon.

Gjesdal Brass Band har som målsetting å skape gode opplevingar for publikum og medlemmar, både musikalsk og sosialt.

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Gjesdal Brass Band

Kategori:Gjesdal kommune