Wheeler Bay er ei bukt nordvest for Magnet Bay. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken av Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37. Dei kalla denne bukta Brorvika og skjera ytst i bukta fekk namnet Brødrene. Området vart kartlagd på ny i 1956-57 av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) som gav bukta og skjera nytt namn etter G.T. Wheeler, som var verobservator ved Mawson Station i 1957. Namnet Wheeler vert i dag nytta om bukta, medan Brødrene vert nytta om skjera.
Kategori:Bukter i Enderby Land