Sogn og Fjordane er eit geografisk område, noverande valkrins til stortingsval og eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket låg mellom Møre og Romsdal i nord og Hordaland i sør. I aust grensa fylket til Oppland og i søraust til Buskerud. I 2020 vart fylket slått saman med Hordaland til Vestland fylke.
Fylket svara til det tidlegare Nordre Bergenhus Amt og har sitt noverande namn frå 1919. Det var samansett av tre hovuddelar, dei gamle futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, der dei to siste utgjer Fjordane. Sogn og Fjordane var særmerkt av fleire fjordar og omfatta Sognefjorden, som er den lengste og djupaste fjorden i Noreg. Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet, ligg mellom dei inste armane av Nordfjorden og Sognefjorden. På grensa mellom kommunane Luster og Årdal ligg Store Skagastølstind, som med sine 2405 moh. er den høgaste fjelltoppen på Vestlandet og den tredje høgaste i Noreg.
Fylket var svært fjellrikt, og omfatta fleire gode lakseelvar. Fylket hadde også mange frodige jordbruksbygder og mykje fruktdyrking. Husdyrhald, skogbruk og fiskeoppdrett er også utbreidd. Andre viktige næringar er industri, handel, turisme, privat og offentleg tenesteyting og administrasjon.
Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står oppført på UNESCO si verdsarvsliste.
Førde var den største tettstaden i fylket og Hermansverk i Leikanger kommune var sete for administrasjonen i fylkeskommunen. Florø, som ligg på vestkysten, er den vestlegaste byen i Noreg. Sogn og Fjordane var vennskapsprovins med den kinesiske provinsen Ningxia.
Fylkesvåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 23. september 1983. Motivet er på sølv grunn tre blå spissar mot venstre, der spissane står for dei tre fjordane i fylket og viser til fylkesdelane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Fylkesblomsteren til Sogn og Fjordane er revebjølle og fylkessteinen er eklogitt.
Geografi
mini|Jostedalsbreen Terrengtilhøva i Sogn og Fjordane i dag er i hovudsak ei følgja av den tertiære landhevinga og følgjande erosjon, først av rennande vatn langs sprekkar og veikare soner i berggrunnen, seinare av ein omfattande iserosjon. Resultata av dette er synlege i dei djupe fjordane og i dei U-forma dalane der fjordane går vidare innanfor fjordbotnen. Sogn og Fjordane kan delast inn i tre geografiske område:
Sogn utgjer den sørlege delen av fylket, kring Sognefjorden og armane derfrå. Den austre delen av Vest-Jotunheimen ligg i området og i nordaust størstedelen av Breheimen. Utanfor dei ytste delane av Sognefjorden, nord for Utvær fyrstasjon, ligg Holmebåen som er Noregs vestlegaste punkt. Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og er den nest lengst fjorden i verda. Landskapet i Sogn er berglendt og frå Sognefjorden går tronge fjordarmar til begge sidene. Frå botnen av fjordarmane fører djupe, tronge og nokså bratte dalar inn mellom fjella som er samansett av harde og gabbroide bergartar. I dei ytre stroka når fjella på øyane sjeldan over 500 moh og ytst på fastlandet ligg dei på 700-800 moh. I indre strok når Hurrungane 2405 moh. Dei ytre stroka er nesten berre for skog medan dei indre har frodig vegetasjon langs fjordsidene og i dei lågareliggjande dalane.
Sunnfjord utgjer den sørlege delen av Fjordane i fylket, og femner områda kring dei kortare fjordane som skjer seg inn mellom Sognefjorden og Nordfjord i nord. Sunnfjord er kløyvd opp av ei rekkje vest-aust gåande, tronge og ofte krokete fjordar som er kortare enn i Sogn og i Nordfjord. I aust når Sunnfjord til Jostedalsbreen. Både her og på Myklebustbreen lenger vest når fjella over 1800 moh. Utanfor fastlandet ligg ei rekkje øyar, den største av desse er Bremangerlandet i nord. Dei største tettstadene i fylket ligg i Sunnfjord; Florø på kysten og Førde ved botnen av Førdefjorden.
Nordfjord er landet i den nordlegaste delen av fylket, kring fjorden Nordfjord i tillegg til Stadlandet, og strekkjer seg austover til ryggen av Jostedalsbreen og Strynefjell. Her ligg fjorden Nordfjord på 106 km, den sjette største fjorden i Noreg. I Hornindal inst i Nordfjord ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.
Jostedalsbreen ligg mellom dei inste armane av Nordfjord og Sognefjorden. Sogn og Fjordane har eit større breareal enn noko anna fylke i Sør-Noreg, og i dei ytre fjordstroka finn ein grunna den store nedbøren, brear som ligg lågare enn nokon annan stad i landsdelen. Skoggrensa søkk frå toppen 800 moh. i dei indre stroka til 200 m i dei ytre.
Det ligg to nasjonalparkar i fylket: Jotunheimen- og Jostedalsbreen nasjonalpark. Elles er det fleire verneområde av landskap, som Bleia - Storebotnen og den tilstøytande Nærøyfjorden, i tillegg til Stølsheimen på sørsida av Sognefjorden og Ålfoten på sørsida av den ytste delen av Nordfjord. Nærøyfjorden er innskrive på lista til UNESCO over verdas kultur- og naturarv som fjordlandskap.
Klima mini|Stad Dei dominerande luftstraumane, saman med mesteparten av dei vandrande lågtrykka og nedbørsområda, kjem frå vest og sørvest. Vintertid blæs bakkevinden oftast frå austleg kant, ut fjordar og dalar, medan det blæs frå søraust ved kysten. Sommarstid blæs det oftast frå nordvest ved kysten, medan luftstraumane følgjer fjordar og dalar lenger inn i landet, frå vest mot aust.
I ytre og mellomliggjande strok er det mykje nedbør, om lag 1500-3000 mm årleg. Toppnivåa finst som regel 20-30 km frå kysten. I dei meir skjerma indre fjordstroka, me.a. i delar av Lærdal og Luster, er det nokre periodar med årsnedbør på under 500 mm.
Indre fjordstrok har stort sett reint innlandsklima. I desse stroka og i nærliggjande dalar er dei kaldaste middeltemperaturane i januar, frå –3 til –6 °C, og dei varmaste i juli med 13–15 °C. Attmed kysten er februar den kaldaste månaden med middeltemperatur på 1–2 °C, og august den varmaste med middeltemperatur på kring 14 °C. På den nordlegaste delen av kysten, særleg ved Stad, blæs det relativt ofte opp til kuling og storm.
Næringsliv Fruktdyrking
Det eldste vitnesbyrdet vi har om fruktdyrking i landet er frå Sverresoga der Aldinshaugr i Vik (i dag Aldenhaug) blir nemnt. Alde og haugr er gamalnorsk og tyder epletre og hage, altså eplehage. Det er i særleg grad i Sogn og i Nordfjord det blir dyrka frukt. Eit samlande frukt- og bærprosjekt for heile Sogn og fjordane er Arena frukt og bær. Dette er eit klyngjeprosjekt som går over tre år og omfattar alle bedriftene som jobbar opp mot frukt og bærnæringa i Sogn og Fjordane. Visjonen er at Sogn og Fjordane skal verta eit nasjonalt senter for innovasjon i frukt og bær.
Samferdsle mini|Fylkesveg 60 frå Nordfjord Fire hovudsamband fører sørover til Hordaland: I vest Fv. 57 frå Rutledal i Gulen til Knarvik i Lindås, E 39 frå Oppedal i Gulen til Knarvik og Bergen, Rv. 13 frå Vangsnes/Vik til Voss og E 16 gjennom fylket til Voss. Til Sunnmøre i nord går det tre hovudsamband, alle med endepunkt i Ålesund: Fv. 61 frå Bryggja i Vågsøy over me.a. øyane Gurskøya og Hareidlandet, E 39 frå Nordfjordeid via Volda og Ørsta, og Fv. 60 frå Hornindal via Stranda og Sykkylven.
Frå Austlandet går det fem heilårs vegsamband til fylket. Fire av desse går frå Sogn; E 16 over Filefjell og Rv. 52 over Hemsedal til Lærdal, Fv. 53 over Tyin til Årdal, Fv. 50 Hol-Aurland. Ein går til Nordfjord, Rv. 15 over Strynefjell til Stryn. Elles er det samband til Austlandet over Sognefjell frå Skjolden til Sogndal via Rv. 55. Ferjesambandet over Sognefjorden på Rv. 5 Fodnes-Mannheller gjev kommunane Aurland, Lærdal og Årdal samband med nordsida av Sognefjorden. Med opninga av den lengste biltunnelen i verda, Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland på 24,5 km, er det vorte etablert eit ferjefritt og vintersikkert stamvegsamband mellom Bergen og Oslo via E 16.
I sør går Bergensbanen på ei kort strekning innan fylket. Frå Myrdal stasjon går Flåmsbanen til Flåm ved botnen av Aurlandsfjorden, den brattaste og mest kjente turistbanen i Noreg. Til Lillehammer og Oslo er det ekspressbussamband. Flyplassar i fylket ligg i Florø, Førde, Sandane og Sogndal.
Administrasjon Hermansverk i Leikanger kommune er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Sogn og Fjordane utgjer 26 kommunar, alle med nynorsk som administrasjonsspråk. Fylket har fire prosti med 29 prestegjeld og 82 sokn, og eitt politidistrikt som svarar til fire tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt. Kommunar Nr.NamnAdm.senterFolkemengdFlatevidd km²MålformDistrikt140120px|Flora kommune FloraFlorønynorskSunnfjord141120px|Gulen kommune GulenEivindviknynorskYtre Sogn141220px|Solund kommune SolundHardbakkenynorskYtre Sogn141320px|Hyllestad kommune HyllestadHyllestadnynorskYtre Sogn141620px|Høyanger kommune HøyangerHøyangernynorskYtre Sogn141720px|Vik kommune VikVikøyrinynorskIndre Sogn141820px|Balestrand kommune BalestrandBalestrandnynorskIndre Sogn141920px|Leikanger kommune LeikangerLeikangernynorskIndre Sogn142020px|Sogndal kommune SogndalSogndalnynorskIndre Sogn142120px|Aurland kommune AurlandAurlandsvangennynorskIndre Sogn142220px|Lærdal kommune LærdalLærdalsøyrinynorskIndre Sogn142420px|Årdal kommune ÅrdalÅrdalstangennynorskIndre Sogn142620px|Luster kommune LusterGaupnenynorskIndre Sogn142820px|Askvoll kommune AskvollAskvollnynorskSunnfjord142920px|Fjaler kommune FjalerDalenynorskSunnfjord143020px|Gaular kommune GaularSandenynorskSunnfjord143120px|Jølster kommune JølsterSkeinynorskSunnfjord143220px|Førde kommune FørdeFørdenynorskSunnfjord143320px|Naustdal kommune NaustdalNaustdalnynorskSunnfjord143820px|Bremanger kommune BremangerSvelgennynorskNordfjord143920px|Vågsøy kommune VågsøyMåløynynorskNordfjord144120px|Selje kommune SeljeSeljenynorskNordfjord144320px|Eid kommune EidNordfjordeidnynorskNordfjord144420px|Hornindal kommune HornindalGrodåsnynorskNordfjord144520px|Gloppen kommune GloppenSandanenynorskNordfjord144920px|Stryn kommune StrynStrynnynorskNordfjordTotalt20px|Sogn og Fjordane Sogn og FjordaneLeikangernynorskSogn ogFjordane
Politikk Fylkestingsval 2011 Valresultatet i fylkestingsval i ulike delar av fylket. Kolonnen som heiter "del" angir del av dei totale stemmene i fylket.
Område Ap Frp Høgre KrF Sp SV Venstre Raudt Andre Del Fleirtall Ytre Sogn 28,3 5,0 16,7 8,5 30,0 2,8 4,6 2,5 1,6 12,1 Ap+SV+Sp+R Indre Sogn 40,9 7,1 12,3 4,3 22,9 4,8 5,2 0,8 1,6 22,9 Ap+SV+Sp+R Sunnfjord 28,6 5,9 18,4 6,1 26,2 5,8 6,5 0,8 1,7 35,1 Ap+SV+Sp+R Nordfjord 14,0 10,9 18,7 8,3 25,7 2,8 11,1 2,8 5,8 30,0 H+V+KrF+FrP Sogn og Fjordane 27,0 7,6 16,9 6,6 25,7 4,3 7,4 1,6 2,9 100 Ap+SV+Sp+R Noreg 33,2 11,8 27,6 5,8 6,3 4,3 5,7 1,7 3,7 - H+V+KrF+FrP Kjelde: Regjeringen: Fylkestingsvalget 2011 Sogn og Fjordane
Fylkestinget 2011-2015 Fylkestinget har 39 representantar. Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesordførar og Jenny Følling (Sp) er fylkesvaraordførar i perioden.
Parti: Representantar: Arbeidarpartiet 11 Senterpartiet 10 Høgre 7 Framstegspartiet 3 Venstre 3 Kristeleg Folkeparti 3 Sosialistisk Venstreparti 2
Stortinget 2009-2013 Ved Stortingsvalet 2009 vart følgjande fem representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2009-2013:
Representant nr. 120: Ingrid Heggø (Ap), Høyanger Representant nr. 121: Liv Signe Navarsete (Sp), Lærdal Representant nr. 122: Åge Starheim (Frp), Selje Representant nr. 123: Tor Bremer (Ap), Luster Representant nr. 124: Bjørn Lødemel (H), Hornindal (utjevningsmandat)
Erling Sande var fast møtande vararepresentant for statsråd Liv Signe Navarsete.
Stortinget 2013-2017 Ved Stortingsvalet 2013 vart følgjande fire representantar for Sogn og Fjordane valde inn på Stortinget for perioden 2013-2017:
Representant nr. 123: Ingrid Heggø (Ap), Høyanger Representant nr. 124: Liv Signe Navarsete (Sp), Lærdal Representant nr. 125: Bjørn Lødemel (H), Hornindal Representant nr. 126: Sveinung Rotevatn (v), Nordfjordeid
Kjelder SNL – Sogn og Fjordane SNL – Sogn og Fjordane - klima SNL – Sogn og Fjordane - samferdsel Referansar
Bakgrunnsstoff Sogn og Fjordane fylkeskommune