Andreas Kristian Andersen Grimsø () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Burøya i Steigen. På Stortinget representerte han Venstre og var ein av dei leiande i partiet i dei femten fyrste åra etter 1905.
Grimsø var son til ein lærar. I yngre år dreiv han fiskeri, og var båtførar og kjentmann i kystfart. Frå 1881 var han gardbrukar på Grimsøy i Vega. Han var medlem av heradsstyret i Vega frå 1885, ordførar frå 1887 til 1904. Dessutan var han medlem av forlikskommisjonen 1890-93 og frå 1896, styreformann i sparebanken frå 1893.
Grimsø møtte første gongen på Stortinget i juli 1895, og på ny frå 13. mars 1897, begge gongane som varamann for Nordlands amt. Åra 1898-1906 representerte han amtet på Stortinget. Han heldt fram på tinget som Søndre Helgeland krins sin representant frå 1906 til -21. 1898-1903 var han medlem av Lagtinget. Frå 1913 til -21 var han president i Lagtinget. Han var med i næringskomite nr 1 frå 1898 til 1912, åra 1903-06 som sekretær, 1906-08 og 1910-21 som formann. Elles medlem av valkomiteen 1900-21, fullmaktskomiteen 1913-21 og utanrikskomiteen 1916-21. I 1903 deltok han i Stortinget sin deputasjon til opninga av Ofotbanen, og 1905 i deputasjonen som forhandla i København om ein dansk prins skulle kunne overta den norske trona.
Grimsø var medlem av Lofotkommisjonen av 1891, kyrkjekommisjonen av 1908 og utanrikskommisjonen 1912. Frå 1907 til -26 var han medlem av Hypotekbanken sitt råd, 1911-26 var han medlem i Riksskattestyret. Under og etter fyrste verdskrigen var han med i fleire sentrale, statlege komitear.
Han gav i 1927 ut boka Erindringer fra mine 25 aar paa Stortinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914'
Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Folk frå Steigen Kategori:Folk frå Vega