Elsehul er ei bukt like vest for Cape Pride langs nordkysten av Sør-Georgia. Mellom bukta og Undine Harbour ligg det smale Survey Isthmus. Namnet «Elsehul» går attende til perioden 1905–12 og vart truleg nytta av norske sel- og kvalfangarar som arbeidde i området.

Dyreliv Elsehul er ein av av dei viktigaste ynglestadane for pelssel. Gulltoppingvinar, petrellar og albatrossar hekkar her.

Kjelder

Kategori:Bukter på Sør-Georgia