Norske Kunstforeningers debutantpris på 50 000 kroner vert delt ut årleg til ein debutant på Statens Kunstutstilling, Høstutstillingen. Formålet med prisen er å løfte fram og synleggjere yngre, uetablerte samtidskunstnarar i Noreg. Prisen set også søkjelys på det viktige samspelet mellom samtidskunstnarar og kunstforeiningar. Ofte fungerer nettopp kunstforeiningane som eit springbrett for unge kunstnarar, og saman gjer dei ny kunst tilgjengeleg for publikum over heile Noreg.
Prisen vart for første gong delt ut i 2010, og vart i perioden 2011–2014 delt ut i samarbeid med detalj- og engros-salsfirmaet NorgesGruppen.
Prisvinnarar 2010: Gunvor Nervold Antonsen, Barovessjan 2011: Serhed Waledkhani, FluktDagsavisen: Intervju med debutantprisvinner 2011 2012: Marthe Elise Stramrud, Livingroom Poeticsflaggfabrikken.net Omtale av debutantprisvinner 2012 2013: Susanne Kathlen Mader, Hendelser i stor høydeDagsavisen: Den søte kløe Kunstforum: Visuelt og stillferdigHøstutstillingen: Kunstpriser 2013 2014: Heidi Kennedy Skjerve, "Plan"Høstutstillingen: Kunstpriser 2014 VG: Virkeligheten har truffet Høstutstillingen 2015: Sebastian Makonnen Kjølaas, I’m So Oily / A Puzzle Building Muscle, Cyber-fun in the Algorithm Gravy / Powerhouse on the Rooftop og It’s Mega-personal / Training to Become a Train 2016: Karin Blomgren, Gjennomgang 2017: Anna Christina Lorenzen, An Uncut Line (Eques) 2018: Arild Våge Berge, The Gravity of a Lake Focused Into One Point (2) og Unstable Monuments 1 2019: Tiago Bom, República 2020: Admir Batlak, A New Tomorrow 2, 3 & 5
Referansar
Bakgrunnsstoff www.kunstforeninger.no
Kategori:Norske kunstnarprisar Kategori:Skipingar i 2010