Box Reef er ei rekkje skjer som ligg mellom Esplin Islands og League Rock, utanfor sørenden av Adelaide Island. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1963 i samband med nærliggande Cox Reef. Begge er kalla opp etter Box and Cox, eit engelsk uttrykk for to personar som deler same husvære, den eine om natta, den andre om dagen, utan at dei kjenner til kvarandre.

Kjelder

Kategori:Rev på Adelaide Island