Cape Bennett er eit nes heilt nordaust på Coronation Island i Sør-Orknøyane. Det vart oppdaga under den felles seglasen tilkaptein George Powell, ein britisk selfangar i sluppen Dove, og kaptein Nathaniel Palmer, ein amerikansk selfangar i sluppen James Monroe i desember 1821. Det er kalla opp etter David Bennett frå Wapping i London, som var arbeidsgjevaren til kaptein Powell.

Kjelder

Kategori:Nes på Sør-Orknøyane