Andreas Pedersson Moe () var ein norsk bankmann og stortingsmann frå Vefsn. Han var medlem av Venstre.

Moe var son til ein snikkar. Han gjekk ut frå Tromsø seminar i 1874. Dei neste fire åra var han lensmannsfullmektig i Skjervøy, sidan hadde han same stilling i Trondenes i seks år. Frå 1881 var han heradskasserar i Trondenes og banksjef i Trondenes Sparebank. Han slutta som heradskasserar i 1898, men heldt fram som banksjef i mange år. Frå 1901 var han medlem av representantskapet i Noregs Bank.

Moe representerte Tromsø amt på Stortinget frå 1895 til 1903. Heile tida var han medlem av vegkomiteen, sekretær 1898-1903. 1897 var han med i den utvida tollkomiteen, 1898-1903 også medlem av valkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Folk frå Vefsn