mini|høgre|Bealey renn mot toppen av biletet i sentrum. Waimakariri renn frå venstre mot høgre.

Bealey-elva er ei lita elv i Søralpane på New Zealand. Ho er ei sideelv til Waimakariri River. Dalen ho renn gjennom dannar den austlege delen til fjellpasset Arthur's Pass. Elva og Bealey-busetnaden har fått namn etter Samuel Bealey, ein kvegfarmar og superintendent i Canterbury Province på 1800-talet.

I den første halvdelen av 1900-talet dumpa det newzealandske jarnvegsverket utrangerte lokomotiv og jarnvegsvogner i elva for å stabilisera elvebreiddene og hindra erosjon. Nokre av desse lokomotiva og vognene er tekne opp att av historisk intereserte grupper som har som mål å få dei attende i køyrbar stand.Frå soga til lokomotivet N 453 - Wellington and Manawatu Railway Company No.9

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Bealey River» frå , den 9. desember 2012.

Kategori:Elver på New Zealand Kategori:Elver i Canterbury på New Zealand Kategori:Canterbury på New Zealand