Johannes Gjetmundsen () var ein norsk gardbrukar, fiskar og stortingsmann fødd i Hafslo i Sogn. Han var medlem av Venstre.

Gjetmundsen kom til verda på ein husmannsplass i Sogn. Foreldra hans flytta kringom 1862 til Talvik i Finnmark og vart gardbrukarar der. Gjetmundsen gjekk amtsskulen i Finnmark 1876-77. Sidan var han fiskar og frå 1885 også brukar av garden Kviby i Talvik. I sine seinare år var han heradskasserar i Talvik.

Gjetmundsen var medlem av heradsstyret i Talvik frå 1892 og nokre år framover. Han var formann i skulestyret 1899-1905 og fattigstyret 1909-12. Valbolken 1913-15 representerte han einmannskrinsen Vest-Finnmarken på Stortinget og var medlem næringskomite nr 2.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Lokalhistoriewiki

Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Lokalpolitikarar i Talvik Kategori:Venstrepolitikarar i Finnmark Kategori:Norske fiskarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Alta Kategori:Folk frå Luster