Gunnerius Ingvald Isachsen () var ein norsk offiser og oppdagar.
Isachsen var frå Drøbak. Han vart premierløytnant i kavaleriet 1891, rittmeister 1899, fekk avskjed som fastlønna offiser 1917 og major i landvernet 1924. Gunnar Isachsen var styrer (og seinare den første direktøren) av Norsk Sjøfartsmuseum frå 1923.
Han var med på Otto Sverdrup sin ekspedisjon med «Fram» 1898-1902 som topograf, og kartla store område av inntil då ukjende øyar nord for Canada. Frå 1903 til 1905 deltok han i fransk militærteneste i Algerie og Paris, og i 1906 og 1907 leia han ekspedisjonar til Svalbard. Desse var utsendt og betalt av fyrst Albert I av Monaco.
I 1909 og 1910 leia han sine eigne statsunderstøtta ekspedisjonar til Spitsbergen, og ved desse ekspedisjonane grunnla han det seinare norske systematiske forskingsarbeidet på Svalbard. Ved handsaming av Spitsbergenspørsmålet på fredskonferansen i Paris 1919 var Gunnar Isachsen den norske regjering si tekniske delegerte. Gunnar deltok i ekspedisjonar til Aust-Grønland i 1923 og 1924, og var med særskilt oppdrag på kvalfangst i Rosshavet 1926-27, Statens kvalinspektør i Sørishavet 1929-30, leiar av den fjerde Norvegia-ekspedisjonen rundt Antarktika 1930-31.
Han er avbilda på eit norsk frimerke i 2006, i høve 100-årsminnet for utforskinga av Svalbard.
Bibliografi Reiser på Spitsbergen 1906 og 1907. (1908) Ishavsfolk og ferder I: Det Norske geografiske selskabs aarbok 1916-1919 (1921) (ny utgåve 1997) Norske fangstmænds færder til Grønland (1922) (særtrykk av geografisk selskabs årbok 1919-21) Grønland og Grønlandsisen (1925) Jorden rundt efter blåhvalen (1927) En ishavsskippers saga (1928)
Fleire artiklar i Vitenskapsselskapet sine skrifter, geografisk selskaps årbok og Sjøfartsmuseets årbøker. Sjå Sambok for 51 treff
Ole R. Thoresen «Gunnar Isachsen in memoriam». I: Norsk sjøfartsmuseum 1914-1939. 1940
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gunnar Isachsen» frå , den 11. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske offiserar Kategori:Norske oppdagarar Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:Norske arktisfararar Kategori:Norske kvalfangarar Kategori:Folk frå Frogn Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull