Larsøya er ei lita øy på sørvestkysten av Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Ho har ei utstrekking på om lag 500 meter og skilst frå Catoodden ved Mottesundet.
Øya vart første gongen kartlagt i 1898 av ein tysk ekspedisjon under leiing av Carl Chun. I samband med den første Norvegia-ekspedisjonen vart det gjort ei ilandstiging på Larsøya i desember 1927. Under den andre (1928/29) og tredje (1929/30) Norvegia-ekspedisjonen vart det sett opp to små depothytter på øya.
Øya er namngjeven etter kvalfangstreiaren Lars Christensen, som finansierte Norvegia-ekspedisjonane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Larsøya» frå , den 12. desember 2012. oppgav desse kjeldene: Larsøya Stadnamn i norske polarområde, Norsk Polarinstitutt Lars Island i Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey
Kategori:Øyar ved Bouvetøya Kategori:Stader på Bouvetøya kalla opp etter nordmenn