Fredrikke Marie Qvam () var ei norsk kvinnesaks- og målkvinne. Saman med Camilla Collett, Gina Krog og Fernanda Nissen er ho rekna som eit av dei fire store namna i norsk kvinnesak.Fredrikke Marie Qvam frå Stemmerettsjubileet 1913-2013 / Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Qvam var fødd i Trondheim og voks opp på By utanfor Steinkjer. Ho flytta til Kristiania tidleg på 1880-talet, og hadde styre- og leiarverv i Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norske Kvinner Nasjonalråd og Landskvinnestemmerettsforeningen. Den 22. august 1905 leverte ho ei liste med underskrifter frå 280 000 kvinnenamn som hadde skrive under for unionsoppløysing, og samstundes i protest mot at kvinnene ikkje hadde røysterett i denne saka.

Qvam var også med — som ei av svært få kvinner — på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906.

Ho var gift med Ole Anton Qvam

Fredrikke Qvams gate i Oslo er kalla opp etter henne.

Fredrikkeprisen delt ut av Norske Kvinners Sanitetsforening har òg namn etter henne, og omfattar ein statue av Qvam.

Referansar

Bakgrunnsstoff Folkvord, Magnhild. 2013. Fredrikke Marie Qvam : rabaldermenneske og strateg, Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 978-82-521-8300-9

Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Steinkjer Kategori:Norske kvinnesaksfolk