Unser Song für Malmö (USfM, tysk for Vår song for Malmö) er ei tysk musikktevling som vart arrangert 14. februar 2013. Vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

23. november 2012 annonserte Norddeutscher Rundfunk (NDR) at tevlinga ville finne stad i TUI Arena i Hannover 14. februar 2013. Som tidlegare år ville finalen verte produsert i samarbeid med Brainpool, som òg produserte Eurovision Song Contest i 2011 og 2012, og samarbeidet med ProSieben vart dimed avslutta.

Tolv bidrag varta valde ut for å tevle i finalen. Utveljinga vart gjort av ein ekspertjury sett saman av sju personar frå NDR, Brainpool og store plateselskap. Elleve av dei tolv bidraga vart offentleggjort 12. desember 2012.

Vinnaren vart vald ut ved ein tredelt røysteprosedyre. I vekene før finalen vart bidraga kringkasta på ni ulike Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland-radiokanalar og lyttarane har høve til å røyste på deira favoritt via Internett. Under sjølve tevlinga hadde ein høve til å røysta via telefon og SMS, og ein jury sett saman av fem musikk- og underhaldningsekspertar ville òg røyste. Kvar av dei tre delane av røystinga talde like mykje. Gruppa Cascada vann med songen «Glorious».

Unser Song für Malmö - 14. februar 2013 Artist Song Ben Ivory «The Righteous Ones» Betty Dittrich «Lalala» Blitzkids mvt. «Heart On The Line» Cascada «Glorious» Finn Martin «Change» LaBrassBanda «Nackert» Mobilée «Little Sister» Nica & Joe «Elevated» Die Priester og Mojca Erdmann «Ave Maris Stella» Saint Lu «Craving» Söhne Mannheims «One Love» Mia Diekow «Lieblingslied»

Sjå òg Tyskland i Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest 2013

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Germany in the Eurovision Song Contest 2013» frå , den 17. desember 2012.

Fotnotar

Kategori:2013 i Tyskland

Kategori:Musikktevlingar i 2013 Kategori:Eurovision Song Contest 2013-uttakingar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-uttakingar