D/S «Ullensvang» var eit dampskip levert til Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i november 1907 som lokalrutebåt. Skipet kosta den gongen 240 000 kr. Den første kapteinen på skipet var A. J. Øvrevik.

Skipet gjekk i rutefart for HSD til 1952 mellom Bergen og Hardanger. Det vart hardt skadd under den store eksplosjonen i Bergen 20. april 1944, då skipet låg ved Holbergskaien. Ved same kaien låg DS «Stord» og DS «Aalvik». Alle dei tre fartøya vart hardt skadd. Mellom anna vart styrhuset på «Ullensvang» blåst bort og alt glas ombord var knust. For å få ho bort frå brannfare frå bygningane kring Holbergskaien førte kaptein Lund på «Ullensvang», i lag med kaptein Fleten på «Stord», å få begge skipa ut i fjorden, med «Aalvik» på slep. «Ullensvang» var nyreparert i desember 1944 då ho vart rekvirert av Hirdmarinen i samband med evakueringa av Finnmark på strekninga Tromsø til Trondheim. Ho fekk mannskap frå NS, som ramponerte skipet. Skipet var attende i teneste for HSD i 1945.

I 1950 vart ho lagt i opplag som reservefartøy. I januar 1952 vart skipet omdøypt «Ullensvang II», men alt i februar 1952 vart skipet seld til van Huygens Freres i Gent, for hogging og reiste frå Bergen siste gong 22. februar, og nådde fram til Brugge i den 26. februar.

Kjelder Skipet.no Ullensvang på warsailors.com

Kategori:Norske dampskip Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1907 Kategori:Skip sluttsegla i 1952 Kategori:Skip bygde ved Trondhjems Mekaniske Værksted