Musculus levator scapulae, (frå latin, levator - «løftar», scapulae - «som høyrer til skulderbladet»), på norsk somtid òg kalla skulderbladløftaren, er ein ryggmuskel som går mellom skulderbladet og ryggsøyla.

Utspring og feste Han spring ut frå halstverrtaggane sine bakre knutar på dei fire øvste halsvirvlane, tuberculus posterior processi transversi vertebrae C1-C4. Han festar seg på den øvre kanten og mediale hjøret av skulderbladet, margo superior et angulus mediale scapularum.

Innervasjon Han er innervert frå spinalnervar frå fjerde og femte ryggmergsegment, og ofte av ein grein frå n. dorsalis scapulae som kjem frå armnerveflettverket, plexus brachialis.Gray's Anatomy: Musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla, vitja 26.12.2012 (engelsk)

Rørsle M. levator scapulae sin hovudrørsle er å løfte skulderbladet opp og medialt. Når skulderbladet er stabilisert av andre skulderbladsmusklar vil kontraksjon av muskelen føre til at nakken blir bøygd mot den sida kor muskelen trekkjer seg saman.

Fleire bilete

Kjelder

Sjå òg M. rhomboideus major M. rhomboideus minor

Levator scapulae