Henry Glaß () er ein tysk, tidlegare skihoppar frå Rodewisch i Sachsen som representerte Aust-Tyskland. Han vann OL-bronse i 1976, VM-bronse i skiflyging 1977 og VM-sølv i 1978. To gongar, 1971/72 og 1979/80, vart han nummer to i den tysk-austerrikske hoppveka.
Aktiv Glaß fekk si fyrste internasjonale meisterskapsmedalje som 16-åring, då han tok sølv i junior-EM 1969. Han debuterte i den tysk-austerrikske hoppveka i 1970/71 utan å verte lagt merke til. Året etter vart han nummer to samanlagt, 21 poeng bak nordmannen Ingolf Mork, men utan å kome på pallen i noko renn. Glaß deltok i normalbakken under vinter-OL 1972 i Sapporo og vart nummer 18.
Frå 1976 til -78 vann Glaß kvart år ein medalje i den årlege internasjonale skimeisterskapen. Under OL i Innsbruck 1976 tok han bronse i den store bakken (K90). Året etter fekk han ein ny bronsemedalje, då under VM i skiflyging i Vikersundbakken. Glaß tok så sølv i normalbakken (K70) under VM 1978 i Lahti, 1,5 poeng bakom landsmannen Matthias Buse.
På nyåret i 1977 vann Glaß hoppvekerennet i Bergisel-bakken i Innsbruck, hans fyrste og einaste siger under ei hoppveke. Samanlagt vart han det året nummer tre, sesongen etter kom han på fjerdeplass i hoppveka. Hoppveka 1979/80 fekk han til saman 912,9 poeng og slo landsmennene Manfred Wolf og Klaus Ostwald med høvesvis to og seks tidels poeng og vart nummer to, austerrikaren Hubert Neuper var suverent best. I vinter-OL 1980 i Lake Placid kom han på 11. plass i storbakken.
Glaß la opp som aktiv i 1981.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henry Glaß» frå , den 2. januar 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske skihopparar Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1980