Prince Charles Strait er eit sund mellom Cornwallis og Elefantøya i Sør-Shetlandsøyane. Sundet var kjend for selfangarar så tidleg som 1821, men første gong ein kjenner til at det vart segla gjennom var i 1839 av briggen «Porpoise» under US Exploring Expedition leia av Charles Wilkes. Oppmåling av sundet vart utført med fartøyet John Biscoe og fregatten HMS Sparrow i desember 1948. Det er kalla opp etter Prins Charles av Wales, som er son av dronning Elizabeth II av Storbritannia.
Kjelder
Kategori:Sund i Sør-Shetlandsøyane