mini|Martin Koch i Holmenkollen i 2010. Martin Koch () er ein austerriksk skihoppar frå Villach. Frå 2006 til og med 2012 har han vunne sju gullmedaljar i laghopping for Austerrike i olympiske tevlingar og ymse verdsmeisterskap. Individuelt har han ein sølvmedalje frå VM i skiflyging 2008 og ein bronsemedalje frå VM i skiflyging 2012. Han er kjend som ein krafthoppar som gjer det særleg godt i dei store hoppbakkane. Faren Fritz Koch deltok i si tid internasjonalt for Austerrike i både kombinert-renn og i skihopping.

Karriere Koch slo gjennom i internasjonal hoppsport i 2002-sesongen, der han vart nummer åtte i storbakken under vinter-OL i Salt Lake City og fekk same plassering i verdscupen samanlagt. Dei neste tre sesongane klarte han ikkje å fylgje opp, fyrst i OL-sesongen 2006 kunne han atter måle seg mot dei beste skihopparane i verda. I januar månad vart han nummer fire i VM i skiflyging i Bad Mitterndorf. Månaden etter var han med på å vinne gull i laghopp under OL 2006 i Torino, dei andre på laget var Andreas Widhölzl, Andreas Kofler og Thomas Morgenstern.

Koch vann sølvmedaljen i den individuelle konkurransen under skiflygings-VM i Oberstdorf i 2008, vel ti poeng bakom landsmannen Gregor Schlierenzauer. I lagtevlinga syrgde dei same to austerrikarane for gullmedalje til Austerrike, saman med Andreas Kofler og Thomas Morgenstern. Austerrike med Koch på laget forsvara VM-tittelen i skiflyging for lag både i 2010 og 2012. I 2012-meisterskapen tok han elles bronsemedaljen i den individuelle tevlinga, berre overgått av verdsmeisteren Robert Kranjec frå Slovenia og Rune Velta frå Noreg.

Koch var også med på dei austerrikske firemannslaga som vann gullmedalje i lagtevlinga under ski-VM 2009 i Liberec, i tillegg til begge gullmedaljane då det under ski-VM 2011 i Oslo vart arrangert lagkonkurransar både i normalbakken og storbakken.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Martin Koch» frå , den 13. januar 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Austerrikske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske meistrar for Austerrike Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011