Horst Bulau () er ein kanadisk, tidlegare skihoppar frå Ottawa. Gjennom dei tre sesongane 1981-83 var han ein av dei tre beste skihopparane i verda, med ein andreplass i verdscupen 1982/83 som høgdepunkt. Desse tre vintrane vann han 13 renn i verdscupen. Under VM i skiflyging i Harrachov i 1983 fall han stygt, og vart alvorleg skadd. Bulau makta aldri sidan å nå den absolutte verdstoppen i skihopping, men var aktiv til 1992. Han vert rekna som Canadas beste skihoppar nokon gong.

Aktiv Bulau vart verdsmeister i skihopping for juniorar 1979. Etter han vann sin fyrste siger i verdscupen i skihopping under nyårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen den 1. januar 1981 kjempa Bulau dei neste tre sesongane om å vinne trofeet som var tildelt verdas beste skihoppar. Både i 1981 og 1982 kom han på tredjeplass samanlagt i verdscupen, begge gongane var det austerrikaren Armin Kogler som vann. I 1982 vart han nummer seks i normalbakken i ski-VM 1982 i Oslo, hans beste plassering i noko internasjonalt meisterskap.

Særleg dyktig i hoppbakken var Bulau i 1982/83-sesongen då han vann sju av renna i verdscupen, men likevel måtte sjå at Matti Nykänen frå Finland stakk av med verdscuptrofeet. På tampen av same sesongen vart Bulau alvorleg skadd i eit fall under verdsmeisterskapen i skiflyging i Harrachov.

Etter fallet og skaden i 1983 klarte Bulau aldri å etablere seg i verdstoppen. Han tok rett nok sin trettande og siste verdscupsiger i desember 1983, og ein månad seinare kom han på sigerspallen for 29. og siste gongen.

Bulau deltok i internasjonal skihopping til 1992.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Lake Placid: Nr 29 i storbakken VM i skiflyging 1981: Nr 5 VM 1982 i Oslo: Nr 6 i normalbakken, nr 10 i storbakken OL 1984 i Sarajevo: Nr 10 i storbakken OL 1988 i Calgary: Nr 7 i storbakken VM 1991 i Val di Fiemme: Nr 13 i normalbakken OL 1992 i Albertville: Nr. 42 i normalbakken

Verdcupsigrar Nr. Dato Stad Land 1. 1. januar 1981 Garmisch-Partenkirchen Tyskland 2. 17. mars 1981 Bærum Noreg 3. 15. januar 1982 Sapporo Japan 4. 23. januar 1982 Thunder Bay Canada 5. 24. januar 1982 Thunder Bay Canada 6. 30. desember 1982 Oberstdorf Tyskland 7. 22. januar 1983 Thunder Bay Canada 8. 26. januar 1983 Gstaad Sveits 9. 28. januar 1983 St. Moritz Sveits 10. 25. februar 1983 Falun Sverige 11. 4. mars 1983 Lahti Finland 12. 6. mars 1983 Lahti Finland 13. 10. desember 1983 Thunder Bay Canada

Bakgrunnsstoff FIS Ski Biographie

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Horst Bulau» frå , den 13. januar 2013.

Kategori:Canadiske skihopparar Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1980 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1984 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Canadiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992