Stein Erik Gullikstad () frå Røros er ein norsk tidlegare kombinertrennar. Han representerte Røros Idrettslag.

Karriere Gullikstad vann to NM-medaljar i kombinert, ein bronse i 1973 og ein sølvmedalje i 1976. Han deltok for Noreg i kombinertøvinga i to internasjonale meisterskap. Under VM i Falun i 1974 vart han nummer 10, medan han under vinter-OL 1976 i Innsbruck kom på 22. plass.

Hans fremste prestasjon var andreplassen i Holmenkollen i 1973. Gullikstad vart då nummer to. Endå om han var langt bak den suvere vinnaren, Rauno Mietttien frå Finland, viste han den tidlegare olympiameisteren Franz Keller frå Vest-Tyskland til tredjeplassen.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1973: Nr 2 i Holmenkollen 1974: Nr 5 i Holmenkollen 1975: Nr 8 i Holmenkollen 1976: Nr 7 i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1972: Nr 4 i Trondheim Ski-NM 1973: Bronsemedalje på Lillehammer Ski-NM 1974: Nr 4 i Selbu Ski-NM 1975: Nr 4 i Rælingen Ski-NM 1976: Sølvmedalje på Fåvang

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Stein Erik Gullikstad i olympedia.org

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Røros