Arnljot Ole Nyaas () var ein norsk langrennløpar frå Dalsbygda i Hedmark som tevla i skisporet i åra etter 2. verdskrigen. Han vann bronsemedaljen på 18-kilometeren under verdsmeisterskapen i Lake Placid i USA. Han var ikkje med på det norske bronselaget i stafetten. Både i 1950 og 1951 gjekk han for Oslo Skikrets sitt firemannslag, som begge åra vann NM-stafetten. Ivar Odd Formo og Henry Hermansen var dei to andre som deltok begge sesongane.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1948: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen 1950: Bronsemedalje på 18 km i VM i Lake Placid, nr 14 på 50 km 1952: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1947: Bronsemedalje på 50 km Ski-NM 1948: Bronsemedalje på 50 km i Strinda Ski-NM 1949: Nr 5 på 50 km Ski-NM 1950: Nr 9 på 18 km Ski-NM 1951: Nr 11 på 18 km i Narvik Ski-NM 1952: Nr 12 på 18 km i Porsgrunn

Nyaas døydde i Oslo.

Kjelder digitalarkivet Arbeiderbladet 26. februar 1948

Kategori:Norske langrennsløparar