Trond Arne Bredesen () er ein norsk tidlegare kombinertrennar og skihoppar frå Gran i Oppland som vann verdscupen i kombinert i 1989. Under VM 1987 vann han sølv i den individuelle kombinerttevlinga, to år seinare vart han verdsmeister med Noregs tremannslag i Lahti og tok bronsen individuelt. Bredesen, som var medlem av Gran Idrettslag på Hadeland, vart noregsmeister i 1990.

Karriere Bredesen debuterte i verdscupen i kombinert på tampen av 1986-sesongen med ein sjetteplass i Strbske Pleso. Vel ei veke etter han i 1987 vart nummer to i verdsmeisterskapen for juniorar, overraska han stort då han i verdsmeisterskapen i Oberstdorf kom i mål som tredjemann i kombinert-øvinga. Han vart tildelt bronsemedaljen, men etter meisterskapen vart den opphavlege sølvvinnaren, USA-amerikanske Kerry Lynch, diska på grunn av doping, og Bredesen fekk VM-sølvet. Bredesen vann også ein annan sølvmedalje i lagtevlinga i same meisterskapen, saman med Hallstein Bøgseth og Torbjørn Løkken.

På nyåret 1988 vann Bredesen i Le Brassus sitt fyrste renn i verdscupen. Under vinterolympiaden i Calgary gjekk han i mål til ein ellevteplass. 1989-sesongen vart hans beste sesong. Han vann tre av dei seks verdscuprenna han deltok i og vart vinnar av verdscup-pokalen. I VM i Lahti i 1989 tok han bronse i den individuelle øvinga og vann gullmedalje i lagtevlinga, saman med brørne Trond Einar og Bård Jørgen Elden.

Etter ein tredjeplass i St. Moritz i desember 1989, lukkast Bredesen ikkje å hevde seg heilt i toppen internasjonalt i kombinertøvinga. Derimot vann han i 1990 sitt einaste NM-gull, med over minutts margin til Trond Einar Elden på sølvplass og Knut Tore Apeland som fekk bronsen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1986: Nr 6 i Strbske Pleso 1987: VM-sølv i Oberstdorf og nr 2 i Holmenkollen 1988: Vinnar i Le Brassus 1989: Vinnar i Saalfelden, Reit im Winkl og Lake Placid 1989/90: Nr 3 i St. Moritz 1991: Nr 8 i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1986: Nr 4 på Vang Ski-NM 1987: Nr 4 i Steinkjer Ski-NM 1988: Bronsemedalje på Vang Ski-NM 1989: Nr 10 i normalbakken i Vikersund Ski-NM 1990: Gullmedalje på Gjøvik

Han la opp etter 1991-sesongen og er i 2012 busett på Skreia i Østre Toten.

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Gran