Gao er ein by i Mali som ligg ved Nigerelva, 300 km sør for Timbuktu. Han hadde i 1998 eit innbyggjartal på 54 900.

Gao er eit viktig handelssenter, særskilt for kveg og huder. Byen er ein av dei eldste handelsstadene i Vest-Afrika, og vart grunnlagd på 600-talet.

Gao var hovudstad i Songhairiket mellom 1010 og 1591.

Kjelder

Kategori:Byar i Mali